Aktivitetar i Bordalen og nærområda

Voss har aktivitetar for store og små heile året!

Bur du i Bordalen behøver du ikkje reise langt for å delta på organiserte aktivitetar eller eigne eventyr. Bordalen har Voss Ski- og tursenter som er fylkesanlegg for langrenn og skiskyting - populært kalla Voss sitt svar på Nordmarka. Ein kort køyretur unna ligg vestlandets største alpinanlegg i Bavallen, og Myrkdalen kan lokka med eit av dei flottaste og mest snørike alpinanlegga i Norge.

Vossafjella er skapt for fjellvandring, jakt og fiske, bærplukking og toppturar. Elvar og vatn blir flittig brukt til rafting og padling, og her er mange fine badeplassar.

Voss lokkar ekstremsportutøvarar frå heile verda, og ikkje berre under Ekstremsportveko. Her er eit aktivt luftsportsmiljø, og det har òg gitt oss den einaste vertikale vindtunellen i Norden. Her kan også du fly som fuglen!

Er du meir innstilt på rolege aktivitetar, er landskapet både i Bordalen og elles i kommunen flott for varierte turar til fots, på ski eller på sykkel. Husdyrparken i Bordalen har mange kjekke aktivitetar.

Voss har også ei rekkje velkjente festivalar og arrangement. Mest kjent er fotballturneringa Voss Cup, Ekstremsportveko, Vossa Jazz, Smalahovesleppet, Osafestivalen og Worldcup freestyle. I 2014 blir det arrangert NM i Skiskyting i Voss ski- og tursenter.

Vossevangen er det sjarmerande senteret i kommunen, med eit godt utval av butikkar, service- og kulturtilbod.