Tunet har fått namn etter Synnøva Kvitne

SynnøvaSynnøva vart født i 1879, som første jente i ein syskenflokk på ni. Ho blei aldri gift, men hadde trufast vore den som hjelpte til og støtta syskena frå tidlig alder.

Synnøva var særs skuleflink. I vaksen alder lærte ho mange å lese og skrive. Ei skremmande oppleving i ungdomsåra sette sitt preg på Synnøva. Ho trivdest best heime i tunet, der ho følte seg trygg.

Då systera, Anna, fikk seg lære i Bergen, gav Synnøva alt ho eigde av pengar til Anna. Synnøva var opptatt av at Anna ikkje skulle lide nokon naud. Anna blei rik, svært rik, og Synnøva fekk eit nytt hus av Anna. Huset fikk namnet Synnøva-stova. Synnøva blei buande i Synnøva-tunet resten av livet.

Då Ivar, bror hennar fekk skøyte på garden i 1920, blei det i eit eige punkt i skøytet sett opp tinglyst rett til bu- og bruksrett til hamn og skogteiger for Synnøva så lenge ho levde.

Etter at Synnøva døydde brukte Anna Synnøva-stova som feriehus. Anna testamenterte heile formuen sin til Frelsesarmeen. Synnøva-stova vart, som siste hus i tunet, rive sommaren 1974.

På det gamle fotografiet sit Synnøva som nummer to frå høgre, Anna står ytterst til høgre, og Ivar står som nr 2 frå venstre.