Synnøva-tunet

Synnøva-tunet er eit tun med prosjekterte fritidsleilegheiter på Kvitno i Bordalen. Her bur du "på landet", men samtidig er det berre 10 minutt til Vossevangen. Området er regulert til fritidsformål, men leilegheitene kan òg brukast som bustad heile, eller deler av året.

Tunet er inspirert av lokal byggeskikk, men har moderne og gjennomtenkte løysingar. Husa i tunet vil bli oppført etter Aktivhus-standard. Dette sikrar godt inneklima og utnyttar energien effektivt. Synnøva-tunet blir eit miljøvenleg og komfortabelt bumiljø. Alle leilegheiter blir kopla til eit sentralvarmeanlegg der varmen delvis kjem frå solfangarar og delvis frå ein biovarmesentral med flis- eller pelletsfyring.

Gjennom frivillig utleigeordning organisert av Husdyrparken, kan fritidsbustaden din delfinansierast gjennom utleige. Husdyrparken ligg like ved. Dette er ein familiepark og besøksgard med gamle norske husdyrrasar.